Choose your region
Kontakt · Languages: NO | EN
Menu

Fylkesprisen Årets Bedrift 2018 går til Pipelife Norge AS

Fra Møre og Romsdal fylkeskommune:

Måndag kåra regional- og næringsutvalet Pipelife Norge AS i Surnadal til Årets bedrift. Bedrifta produserer plastrøyr og er verdsleiande i sitt slag.

-Dette var veldig overraskande og svært hyggeleg, og eg takkar på vegne av alle tilsette, seier dagleg leiar Kjell Johan Larsen.

Tar samfunnsansvar
Hjørnesteinsbedrifta på indre Nordmøre har 235 tilsette.

- Det er stort å nå opp i denne kåringa, særleg i eit fylke som Møre og Romsdal, kor der er så mange gode bedrifter. Dette betyr også at omgjevnadene, som vi er opptatt av gjennom vårt samfunnsansvar, ser oss. Vi feirar 50 år i år, og vi har eit prosjekt på berekraft på korleis vi skal bestå og vokse som industribedrift, seier Larsen.

Framtidsretta
I grunngjevinga har regional- og næringsutvalet lagt vekt på at bedrifta har kome langt i robotisering og digitalisering og satsinga på å få fram fleire dyktige fagarbeidarar med rett kompetanse.

-Bedrifta bidrar også aktivt med å utvikle Surnadal som lokalsamfunn. Dagleg leiar Kjell Johan Larsen har leia bedrifta sidan 1995 og har vore ein sterk bidragsytar for fabrikken i Surnadal, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Kvart år deler fylkeskommunen ut prisen Årets Bedrift. Overrekkinga skjer på Fylkestinget i juni.

Det kom inn 22 forslag, og i tildelinga har regional- og næringsutvalet tatt omsyn til følgande kriterium:

Bedriftsøkonomisk vurderingRolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenlege produkt og miljøvenleg produksjon)Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil)

Pipelife Norge AS
Pipelife Norge produserer plastrøyr med fabrikk i Surnadal. Det er 235 tilsette i bedrifta, av dei arbeider 100 i Surnadal. Selskapet er ein europeisk aktør innanfor sitt område.

Martin Botten starta med sprøytestøyping av røyrdelar i 1972, og det året var omsetninga litt over 2 mill. kroner. Utover på 70-talet voks verksemda raskt og vart ein betydeleg norsk aktør. På 80-talet vart selskapet, etter kvart kjend som Mabo AS, eit leiande nordisk industrikonsern. På 90-talet utvikla selskapet seg vidare til ein europeisk aktør.

Bedrifta vart seld til Pipelife i 1999 og er i dag eitt av mange selskap i Pipelifekonsernet, som har hovudkvarter i Wien. I Norge er det tre fabrikkar; ein i Surnadal, Ringebu og ein i Stathelle. Omsetninga i Pipelife Norge AS, med hovudkontor i Surnadal, ligg no på vel 1 milliard kr per år.

Tidlegare vinnarar
2017: Volda Maskin AS, Volda kommune

2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune

2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune

Surnadal_fabrikk_flyfoto