Choose your region
Kontakt · Languages: NO | EN
Menu

Organisasjonsnytt

Pipelife Norge vil informere om følgjande endringar i salgs- og markedsorganisasjonen:

 

Jan Kopreitan har, etter ein mannsalder som salgssjef VVS i Pipelife/Mabo, bestemt seg for å trappe ned aktivitetsnivået noko og går i vår over i ei ny rolle som rådgivar VVS. Samtidig som vi takkar Jan og ønskjer han lykke til i ny rolle, helsar vi Stian Svendsen Oen (40) velkomen som ny salgssjef VVS frå 1. mars. Stian har sidan 2012 hatt rolla som Pipelifes distriksleiar VVS for Vestlandet og har som meister i rørleggarfaget brei erfaring som både rørleggar og dagleg leiar, i tillegg til salgserfaring frå grossist og andre delar av leverandørleddet. Stian vil som i dag ha base ved Bergenskontoret vårt, og vi søker no etter Stians erstattar som distriktsleiar Vestlandet.

Bergenskontoret blir òg arbeidsstad for den nye salgssjefen vår for kabelvern/elektro, Agathe Børhaug (49). Ho startar òg i jobben 1. mars og kjem frå stillinga som sjef for region Vest i Ahsell. Agathe er utdanna siviløkonom og har i tillegg til tida si i Ahlsell brei erfaring frå både industrielt salg og kraftbransjen, mellom anna frå salgs- og markedssjefsrollar i Hydro/Yara og Fjordkraft.

Pipelife Norge har tidlegare hatt delt produktsjef mellom VVS og kabelvern/elektro. No gjer vi ei endring og har styrka produktsjefsleddet vårt ved å opprette eigne produktsjefsstillingar for desse faga. For VVS er Kjetil Løften (46) i full gang som ny produktsjef VVS, medan John Øye (40) startar 1. april som ny produktsjef Kabelvern/elektro.

Kjetil har sidan 2016 vore tilbodsansvarleg i Pipelife Norge, men med han som produktsjef vil vi få enda meir nytte av hans 25-års breie erfaring frå VVS-bransjen. ​Kjetil er utdanna rørleggarmeister og har i tillegg mange års erfaring som dagleg leiar for ei rørleggarbedrift og styreleiar i Comfort-kjeda. 

John kjem frå stillinga som prosjektleiar tekniske fag frå Consto og har før det nesten ti års fartstid frå kraftselskapet Svorka Energi, seinast som leiar plan og nk for driftsleiaren. John er utdanna Elektroingeniør og har tilleggsutdanning innan økonomi/administrasjon. Han kjenner òg Pipelife godt frå før, frå jobben som Salgsingeniør kabel/elektro i 2001-2002.

Sist, men ikkje minst er vi glade for at vi frå 1. februar òg har styrka nærværet vårt i Nord-Norge; Ulf Rekstad (50) er vår nye distriktsleiar VA Nord. Ulf er utdanna maskiningeniør med tilleggsutdanning innan økonomi og ledelse. Han har lang fartstid innan salg og salgsledelse og kjem frå stillinga som avdelingsleiar for Brødrene Dahl AS i Harstad. Ulf har Harstad som base og ansvaret for VA-kundane våre frå Saltfjellet og nordover.

Vi ønskjer alle saman lykke til i nye rollar og både håpar og trur at den nye organisasjonen vil gjere oss enda betre i stand til å yte kundane våre det vi har som mål om å vere rørbransjens beste rådgiving, oppfølging og service.

Trond Skogseth
Salgs- og markedsdir.

organisering_nyhet